Copyright-avgift på CD, LP og andre fysiske format

NCB (Nordisk Copyright Bureau) forvaltar «mekaniske rettar». Prisen varierer etter innhaldet – dersom du skal gje ut din eigen musikk er minimumsgebyret 550 kroner. Les meir og rekna ut prisen herNCB-logo skal vera synleg på cd-label og cover (baksida) som bevis på at det er søkt og innvilga godkjenning frå NCB. Du kan få avgiftsfrie promo-eksemplar dersom du nyttar ein CD-fabrikk som har avtale med NCB.

Gjera stas på opphavet

Dersom du skal gje ut berre på streaming og/eller nedlasting så skal du ikkje registrera i NCB. Du må derimot syta for at aggregatoren (firmaet som distribuerer musikken din til dei ulike streamingtenestene) får all relevant informasjon slik som namn på spor, komponist/låtskrivar, ISRC-kode og namn på artist. No kan du også få med informasjon om musikarar, produsent, miksar etc. Du bør også ta ein prat med Tono og høyra om dei har innspel.

Info du bør ha med for kvart spor

  • Namn på komponist, tekstforfattar, arrangør og forlag (dersom det finnest)
  • Speletid i minuttar og sekundar

Info du bør ha med for heile utgjevinga

  • Årstal for utgjevinga
  • Namn på ditt plateselskap (dette kan du dikta opp, treng ikkje vera eit formelt konstituert selskap)

ISRC-kode

ISRC-koden er ein unik kode for kvar innspeling/spor/song, som du får gratis av Gramo. Her er meir info om ISRC.

Katalognummer

Alle utgjevingar skal ha eit identifikasjonsnummer. Dette nummeret diktar du opp sjølv, gjerne ein logisk sekvens dersom det kjem fleire utgjevingar frå deg. Nummeret må bestå av 2–7 bokstavar etterfølgd av 1–7 tal.

Strekkode

EAN er ei forkorting for ”European Article Numbering” – betre kjent som strekkode. Dette treng du om produktet skal seljast i butikk. Kanskje ikkje den lokale butikken som du avtalar direkte med, men gjerne i litt større målestokk. Organisasjonen som forvaltar EAN-systemet globalt er GS1, og dei har også ei norsk avdeling.

Meir stoff om dette kjem etter kvart.