Eg er veldig glad for å ha vorte tildelt Bømlo kommune sitt kulturstipend på 20.000 kroner, samt 4.000 kroner frå Finnås Kraftlag sitt gåvefond. Pengane skal samla gå til å laga eit mobilt innspelingssystem.

Eller snarare å gjera meir mobilt det systemet eg allereie har. Eg tenkjer at eit slikt tilbod kan komma musikklivet på Bømlo til gode og det var nettopp dette aspektet som appellerte til Utval for oppvekst og kultur når dei vurderte søknaden min.

Eit anna aspekt er også ein viktig motivasjon for å satsa på dette: Studio Ø er eit lite studio med ganske tørr lyd. Slik må det vera for å få god kontroll når eg miksar. Men når ein spelar inn musikk så spelar rommet ofte ei viktig rolle med akustikken og den stemningen det gjev. Med det mobile systemet kan eg spela inn i ulike rom.

Eit tredje aspekt er at ein kan oppsøkja flotte instrument som ikkje så lett let seg transportera. Piano, Hammond-orgel og kyrkjeorgel er berre nokre få døme.

I tillegg gler eg meg til å spela inn fleire konsertar, særleg jazz, for det er eit felt eg trivest godt i. Ein hyttetur med plateinnspeling kan jo også vera enormt kjekt.

Eg har ikkje fordelt pengane i detalj, men dei skal brukast på kabling, stativ og transportløysingar som gjer det enklare å ta med seg utstyret ut og inn av Studio Ø utan å måtta plukka alt i småbitar. Så med dei planane trur eg at desse tilskota vil monna godt.

Hjarteleg takk!

 


Her er det Bømlo-nytt skreiv om saka:

Vil bidra til at folk skal få realisera musikkdraumen

Utval for oppvekst, kultur og idrett vedtok på tysdag å gje kulturstipendet for 2016 til Hans Olav Molde. 

– Eg søkte sjølv om dette stipendet med tanke på eit spesifikk prosjekt. Eit mobilt innspelingssystem, seier Hans Olav Molde til Bømlo-nytt.

Kulturstipendet blir gitt til dei som viser særlege evner innanfor musikk, idrett eller kunst, eller som legg ned eit stort arbeid innanfor kulturlivet elles.

Lydstudio i garasjen

Hans Olav har mykje erfaring innan musikk. Han har spelt i korps, dirigert kor, hatt fleire band og spelt med mange artistar. Men den siste tida har han spelt inn musikk for andre.

Hovudsakleg frå lydstudioet i garasjen, men no ønskjer han å gje fleire høve til å spela inn musikken sin.

– Hensikta med eit mobilt innspelingssystem er å ta oppdrag ut i feltet, og komma fleire til gode. Som for eksempel kor og korps. Eigentleg vil nå heile det frivillige musikklivet på Bømlo, seier vinnaren.

Lidenskap

I staden for at folk må komme heim i garasjen til Hans Olav, kan han ta med innspelingssystemet og spela inn på ulike stader på Bømlo. Det kan gje eit unikt særpreg på musikken.

– Ulike rom gjev ulik stemning og lydbilete. Her på Bømlo finst det mange gode stader å spela inn musikk, forklarar Molde.

Det det mobile innspelingssystemet er allereie delvis i drift. Med stipendet han no har fått vil han optimalisera det eksisterande systemet slik at han kan lettare kan flytta det frå A til B, og gjera det meir tilgjengeleg for alle.

Stipendet er meint som ei spore til vidare innsats for å kunne halde fram med å utvikla seg innanfor sitt område. Ved handsaming av søknaden blir det lagt vekt på at søkjaren har ein plan for bruk av midlane, og at midlane vil gjera det lettare å realisera planen.

Travel

Det var ikkje tvil om at mottakaren av stipendet vart glad for å få det tildelt.

– Eg vart supernøgd. Eg set enorm pris på ein slik stønad frå kommunen, seier Molde,

Produsenten har allereie mange oppdrag, og han har dei siste dagane jobba på spreng for å få ferdig ei førjulsvise, som han har spelt inn med Åsmund Nesse.

– Me har sendt songen inn til ulike radiostasjonar, og me har allereie fått tilbakemelding om at den er tatt opp av eit par radiostasjonar, seier Molde.

Ikkje nok med at Molde tok imot stipend frå Utval for oppvekst og kultur og idrett, tysdag. Same dag fekk han òg vita at Finnås Kraftlag vil gje han 4000 kroner til same prosjekt.

– Det er berre å ta kontakt med meg om det er nokon som vil spela inn noko, så lagar me ein avtale der ifrå, avsluttar Hans Olav Molde.

 

ar-161129992Utvalsleiar Ragnhild Ravna Skjærvik (Ap) gratulerer ein glad Hans Olav Molde, som fekk kulturstipendet for 2016 på tysdag.