Den gode Åsmund Nesse meinte bestemt at det ville verta kjekkare for meg å miksa (plata hans) dersom eg hadde ein sub. Jo, det måtte eg innrømma, det stemmer nok bra.

Så han kjøpte ein til meg!

My man Fredrik Habbestad var i Oslo på konsert denne kvelden, så Åsmund tok betenkningstid nokre tidels sekund og ringte Fredrik. Han var komen til Kløfta for å overnatta, men ville likevel svinga innom Prolyd for å henta med seg sub’en neste dag før heimreis til Bømlo. For ei timing!

Eg har alltid ynskt meg eit avspelingssystem som kan attgje heile frekvensspekteret, ned til den mørkaste bass. Den nye sub’en spelar ned til omlag 24 Hz, og det er mektig mørkt! Kombinert med sE The Egg-monitorane som eg likar svært godt, så er dette eit svært avslørande og vellydande anlegg.

Åsmund Nesse ––– THE MAN!


TS112

Meir info om denne bamsen av ein høgtalar på Eve Audio si heimeside: http://www.eve-audio.com/index.php?page=TS112