Ei enorm oppgradering av Studio Ø kom i kveld, i form av ein Yamaha Nuage.

Når eg starta Studio Ø for eitt år sidan var ikkje miksar/controller noko eg tenkte så mykje på. Etter kvart har eg teke på meg mykje studioarbeid og då vert det tydelegare når arbeidsverktya ikkje er så gode. Ei styrekule eller mus funkar bra til å surfa på nettet, men som grensesnitt til ein lydmiksar er det tungvint og lite intuitivt.

I utgangspunktet var det gode, motoriserte faderar eg var på jakt etter – helst 16 i talet. Så gjekk eg gjennom ein del alternativ; Avid Artist, Avid S3, SSL Nucleus, pluss ein del meir obskure variantar. Når eg så oppdaga Nuage var det plutseleg ingen andre alternativ som var særleg aktuelle.

Når eg innsåg at Nuage var den einaste eg verkeleg hadde lyst på, så starta prosessen med å vurdera om dette kunne løysast på eit vis. Eg kontakta Johannes Mollø-Christensen hjå Prolyd, som er eineforhandlar av Nuage i Noreg.

Johannes klarte heldigvis å «overtala» meg til å skaffa meg master-modulen i tillegg til fader-modulen. Master-modulen er gull verd til redigering, lyttekontroll og mykje meir. Med den kjennest systemet som eit heilstøypt system der eg har full kontroll. Det kjennest ikkje lenger som eg jobbar med ei datamaskin, men med ei stor musikk-vidundermaskin!

Elles vil eg understreka kor leikande lett det har vore å bli kjent med funksjonaliteten. Eg las brukarmanualen før eg fekk Nuage-en. (Ja, eg er nerd.) Men eg lærte nesten ingenting – layouten er så god! Dette er jo ein controller som er laga for spesielt for Nuendo og Cubase og alle funksjonane kjenner me frå dei programma. For dei som kan bruka Cubase eller Nuendo så er det berre å gå rett på jobb! (Slik eg gjorde første dagen med Nuage.)

Studioarbeid er ofte ei salig blanding av analytisk og kreativ tenking. Men å vera i flytsonen er vel der eg helst vil vera. Med kontrolleren jobbar eg raskare og med betre ergonomi. Men det viktigaste for meg er at eg jobbar meir med øyrene og mindre med augene.