Det er ein stor dag for Åsmund Nesse, meg sjølv og Studio Ø når albumet «Lysning» i dag kjem ut.

Å gje ut ei plate – sjølvprodusert på eige selskap – det er ikkje småtteri sjølv for den driftige Åsmund. Han har alltid vore ein handlekraftig mann. Det er sjeldan langt mellom impuls og handling. Det beundrar eg han for. No i arbeidet med denne plata har slike eigenskapar kome ekstra godt til nytte, og han har imponert stort!

Me står begge oppført som produsentar for plata. Åsmund har drifta prosjektet og eg har styrt spakane i studioet. Men avgjerder om korleis låtane skal høyrast ut har me for det meste teke i lag. Og sjølvsagt saman med dei andre som spelar og syng. Men, eg hoppar rett til poenget: Dette er Åsmund. Dette er SÅ Åsmund. Dette er 100 % Åsmund! For alle som kjenner han godt er dette åpenbart og kjærkoment. Men for dei som ikkje kjenner han og høyrer plata så trur eg likevel at ein vil sitja att med ei kjensle av å ha kome ganske nær han.

Åsmund og eg har eit langt venskap og ei like lang historie med musikalske samarbeid. Eg har sjeldan vore så stolt som eg er nett no. Gratulera med plata, Magne!

aasa-med-gitar