Åsmund har skrive mange songar i visetradisjon med eit pop-tilsnitt slik som denne låten, «Gje meg ei lysning». No gjer han det med bravour og det er eg stolt av. Eit stort prosjekt med bra innspeling, flotte musikarar. Forseggjort i alle ledd. Me har eit heilt album på gang og det er gøy å jobba med!

Populært for folk i alle aldrar

Eg trur Åsmund har noko skikkeleg bra på gang med dette prosjektet. Tør me håpa på ein hit på P1?

Hjalmar på 2 har lært å sei dette av storebrødrene sine på 4 og 6:

Ta på Åsmund-sangen?

Eg har ikkje tal på kor mange gongar dei tre gutane mine har spurd etter «Åsmund-sangen» i sommar. Når me køyrer bil så går han på repeat. I det siste akkord tonar ut seier dei i kor:

Åsmund-sangen ein gong te?

 Credits

  • Åsmund Nesse – song, ak. gitar, munnspel, tekst og musikk
  • Gunvald Hagen – piano, orgel
  • Thomas Bang – bass
  • Hans-Olav Molde – trommer, el. gitar
  • Ingrid Mjanger Molde – kor
  • Innspelt av Per Ravnaas i NRK Rogaland sitt flotte studio på Ullandshaug
  • Pålegg og miks i Studio Ø
  • Mastra av Björn Engelmann i Cutting Room
  • Video av Hans Inge Brakedal og Thomas Remvik Aasen i Febril Film